Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.

Samfunnsansvar

Samfunnsansvar og det å vere ansvarlege verksemder handlar om korleis vi i spesialisthelsetenesta løyser samfunnsoppdraget vårt, i samspel med andre. Korleis påverkar verksemda vår menneske, miljø og samfunn?

Diagram, Solstrålediagram
Barekraft

Spesialisthelsetenesta forvaltar store ressursar på vegner av fellesskapet, og vi har ei plikt overfor samfunnet i stort å forvalte desse ressursane på ein berekraftig måte.

Staten stiller krav og forventningar til at verksemdene dei eig skal opptre ansvarleg, vere leiande i sitt arbeid for å vareta menneskerettar, arbeidstakarrettar, redusere sitt klima- og miljøfotavtrykk og førebyggje økonomisk kriminalitet som, blant anna, korrupsjon og kvitvasking av pengar. Statlege verksemder skal vere leiande i arbeidet med samfunnsansvar.​

Dette er nedfelt i Eigarskapsmeldinga: Et grønnere og mer aktivt statlig eierskap, St.6 (2022-2023)

Det å vere ei ansvarleg verksemd betyr kva ansvar det er venta at vi skal skal påta oss for menneske, samfunn og miljø, som blir påverka av verksemda vår.​​​​​​​​

Utgreiing for samfunnsansvar 2024

Førespurnader om informasjonsplikt og spørsmål om korleis Helse Vest RHF arbeider med openheitslova kan sendast her: post@helse-vest.no

  Samfunnsansvar - Helse Vest RHF (helse-vest.no)  

Sist oppdatert 30.09.2024